Utstilling Utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes Landslov, 1274–2024 blir ein sjeldan moglegheit til å møte mellomalderen på nært hald. For fyrste gong har vi samla eineståande handskrivne bøker laga i Noreg i mellomalderen, som hittil har vore i utanlandske samlingar. Frå 1. februar til 14. september gjer vi denne gløymde delen av norsk kulturhistorie tilgjengeleg for publikum i Noreg.