Dag 1: 23. april 2021
1. Det tidlegaste tinget: Tingstadar i samfunnsdanninga
Eidsivating var eit av dei fire lagtinga i Noreg. Ting er nærast ei universell ordning for samfunnsstyring. I Noreg fanst det i den tidlege mellomalderen ting på fleire ulike nivå og med ulike funksjonar. Dei hadde likevel fleire likskapstrekk i organisering.
- Dr. Alexandra Sanmark: Tingets rolle som universell samhandlingsplattform: en bakgrunn for Eidsivatinget og Eidsiva lagtingsområde.
- Frode Iversen: Lov og politikk i Upplǫnd 200-1200 e.Kr. Eidsivatingslagen: fire kongedømmer og ett lovområde? Geografisk og romlig organisering av tinget.
- Else Mundal: Kongemakt og ting – og konsekvensane av den overordnede makta for individ og ætt.
2. Tinget og statsdanninga
Tingordninga i Noreg var ikkje eit produkt av ei samla kongsmakt, men la samstundes til rette for framveksten av ei slik makt. Ikkje minst dei fire lagtinga vart ein viktig politisk og rettsleg arena med framveksten av kongs- og kyrkjemakt som statsmakt i den tidlege og høgmellomalderen.
- Miriam Jensen Tveit: Lagting og konfliktløysing – lov og rett, rettskultur.
- Erik Opsahl: Politikk – kongehyllinger, opprør, heltene og antiheltene i statsdanningsprosessen i Norge i middelalderen.
- Olof Sundqvist: Tingsplatsernas religiösa dimensjoner under yngre järnåldern i Norge och övriga Norden.
3. Kvinner, dronningar og makt i vikingtid og mellomalderen
Tinget var ein offentleg rettsleg og politisk arena der kvinner i utgangspunktet ikkje hadde ein plass. Men både rettsleg og politisk spelte kvinner likevel ei rolle i Noreg i mellomalderen og seinare.
- Randi Bjørshol Værdal: Fullmyndige kvinners handlingsrom i senmiddelalderen. Katrine Alvsdotter og Ingerd Ottesdotters tvist om Giskegodset.
4. Tinget og politisk omveltning
Landslova vart vedtatt på dei fire lagtinga 1274-76. Med den fekk den kongelege administrasjonen ei fastare og meir straumlinje forma organisering, og kongsmakta vart styra i høve til tinget. Likevel kom tinget til å spela ei rolle i den politiske offentlegheita heilt fram til Grunnlova av 1814.
- Magne Njåstad: Tinget og sentralt og lokalt styre i senmiddelalderen.
- John Ragnar Myking: Bygdeting som politisk organ – offentlig rom, protester, opprør.
- Hilde Sandvik: Bygdetinget som domstol – samfunnsdialog om lov og rett.
Dag 2: 24. april 2021
5. Tinget i ei ny tid
Ved utarbeidinga av Grunnlova av 1814 var ideen om den mellomalderske tingordninga rolla ein del av inspirasjonsgrunnlaget for det nye demokratiet. Difor vart parlamentet kalla eit Storting, og dei to kammera kalla for Odelsting og eit Lagting.
- Marthe Hommerstad: Stortinget – bindeleddet mellom lagting og lagmannsrett.
- Bård Frydenlund: Grunnloven og tanken om historisk kontinuitet.
- Jørn Øyrehagen Sunde: Norsk rettskultur år 1000 og år 2000 – Likskapar og ulikskapar over dei lange tidslinjene.
- Dr. Ola Svensson: Ting og andre benevnelser (fylke, herad, etc.) som skaper av historisk kontinuitet.
6. Det universelle tinget
- Jørn Øyrehagen Sunde: Tinget og moderne konfliktløysingsorgan – Fjellstyre, allmenningsstyre, Finnmarkseigedom, nemnder, konfliktråd, forliksråd.
- Tingtradisjonen i det globale, dialog og samhandling i konfliktområde, Noreg og internasjonal mekling.
- Morten Goodwin: Det virtuelle tinget – ny teknologi og menneskelig samhandling.