Landslova er ei lovbok for Noreg som tredde i kraft i 1274. Landslova avløyste dei fire landskapslovene for Frostating, Gulating, Eidsivating og Borgarting, og gjorde at Noreg fekk ei felles lovbok. Lovboka vart òg nytta på Orknøyane, Shetland og Færøyane, medan Island fekk ei eiga lovbok, Jónsbók, i 1281.
Historia om Landslova tok truleg til med eit større lovreformarbeid alt under kong Håkon 4 Håkonsson si regjeringstid mellom 1217 og 1263. Kong Magnus 6 Håkonsson, vidareførte arbeidet. Han fekk seinare tilnamnet Lagabøte (lovforbetraren) som følgje av lovarbeidet.
Landslova var ei av få riksdekkjande lovbøker som vart gjevne i Europa i høgmellomalderen. I tillegg gav Magnus Lagabøte ei bylov i 1276, ei hoff- og administrasjonslov ca. 1277, og den islandske lovboka i 1281. Bylova og den islandske lovboka bygde på Landslova, og var berre delvis sjølvstendige lovbøker.Landslova bygde på ein romersk lovgjevingstradisjon og kom til etter inspirasjon frå lovgjevingsarbeid i
Castilla. Ho fornya norsk rett i høgmellomalderen og knytte ho til europeisk rettsutvikling. Landslova var òg viktig for etableringa av ein norsk identitet innan ulike politiske rammer, fram til ho vart avløyst av Christian 5 si norske lov i 1687.
Professor Jørn Øyrehagen Sunde
Les mer om Landsloven og Magnus Lagabøte