Dei stod paa Stiklestad, fylka til Strid, den gamla og so den nya Tid, det, som skulde veksa, mod det, som skulde siga, det, som skulde falla, mot det, som skulde stiga.
So drog dei Sverdi i sama Stund, den bjarte Kong Olav og den graa Tore Hund. Og Haerropet dunde, so Jordi ho dirra, og Spjoti dei suste, og Pilarne svirra.
Men so er det sagt, at ein gasta Kar, Tord Foleson, Merket hans Olav bar. Og denne Tord Merkesmann, honom me minnast, solenge i Noreg Merkesmenn finnast.