I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. Nasjonalbiblioteket er nasjonal koordinator for Landslovjubileet 2024, og gjennom året vil vi markere og formidle dette over heile landet.
For å forstå vår eiga tid, og kunne seie noko om framtida, må vi kjenne fortida. Landslovjubileet 2024 markerer starten på arbeidet med å gjere den intellektuelle sida ved norsk mellomalderhistorie til ein del av den felles forståinga vår.
Utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes Landslov, 1274–2024 blir ein sjeldan moglegheit til å møte mellomalderen på nært hald. For fyrste gong har vi samla eineståande handskrivne bøker laga i Noreg i mellomalderen, som hittil har vore i utanlandske samlingar.
Frå 1. februar til 14. september gjer vi denne gløymde delen av norsk kulturhistorie tilgjengeleg for publikum i Noreg.
Du kan lese mer om utstillingen på Nasjonalbibliotekets sider.